Loading...
VELKOMMEN TILBAKE! Nå skal vi endelig leke, hoppe, løpe og herje sammen igjen: ) Nære, men med avstand. Vi følger selvfølgelig Folkehelseinstituttets smitteveileder og holder oss i mindre grupper med god hygiene. Vi gleder oss!

Velkommen til Utsikten Vest FUS barnehage

Avdelinger

Tusenbein
Pedagogisk leder
Kari Anne Hamre
Tlf: 45477812
kari.hamre@bhg.no
Maurtua
Pedagogisk leder
Karen Helen Tjessem
Tlf: 45471299
karen.tjessem@bhg.no
Småkrypå
Pedagogisk leder
Randi Øksnevad
Tlf: 40632188
randi.oksnevad@bhg.no
Marihøna
Pedagogisk leder
Gudrun Klett
Tlf: 45475166
gudrun.klett@bhg.no

Vis alle

Ansatte

Anette Andersen

Daglig leder

Anette, høvdingen på bygget! Vår kjære daglege leiar!

Ho er ei sprek dame som nettopp runda 40. Ho har vært ansatt i FUS i heile 17 år.

Ho har tidlegare jobba som pedagogisk leder, før ho blei nestleiar, og til slutt blei vår daglege leiar! Noko vi er særs fornøgd med.

Anette er ei dame som er nysgjerrig på livet, og elskar alt frå turar i fjell og mark, til nye steder i andre land. Ho er ikkje redd for å prøve noko nytt, eller by på seg sjølv. Ho er opptatt av at alle oss på huset skal bli sett, inkludert og respekter, både små og store! Ho har eit hjerte for jobben sin, og det er alltid kjekt for di små å ta ein tur forbi kontoret til Anette. Ho tar seg alltid tid til dei.

Heime, er ho glad i å eksperimentere på kjøkkenet og elskar å diske opp med sunne og gode matrettar. Noko hennar mann og tre barn nyt godt av!

Karen Helen

Pedagogisk leder på Maurtua 100%

Det er alltid jubel i barnehagen når barna ser den fine blå sykkelen til ho gode Karen. Då veit dei at det blir ein ny dag med leik, spenning og latter.

Karen har eit stort hjarte for å få vennskap til å blomstre i den gode leiken på avdelinga.

Denne frøkna begynte sin karriere som assistent i barnehage. Etter ei stund så blei ho inspirert til ta utdannelsen som barnehagelærar med fordypning i småbarnspedagogikk. Seinare bestemte ho seg jammen for å ta videre studie. Denne gong; «Realfag i barnehage». Så Karen er ei dame med mykje kompetanse, og ℎ𝑒𝑙𝑑𝑖𝑔𝑣𝑖𝑠 for oss, deler ho den gladeleg.

Til saman har Karen jobba her i Utsikten i nesten 14 år. Så du kan trygt sei at Karen er ein viktig del av barnehagen vår.

Anette

Barnehagelærer på Maurtua 100%

Anette er ei fjåg frøken som høyrer til på Maurtua. Ho er utdanna barnehagelærar med småbarnspedagogikk i fordypning. Ho byrja som vikar her sjå oss hausten 2020 før ho blei fast ansatt året etter. Nå er det kanskje nokon som lurer litt og tenkar at her har nokon tulla med årstal. Då har du rett! Fordi, Anette har nemleg vært ein del av teamet vårt før også. Ho jobba nemleg som assistent sjå oss frå 2014 til 2016!

Anette brenner for at alle barn skal bli behandla likt og at alle skal få dei same moglegheitene. Det er viktig for ho at barna føler seg sett og at dei skal alltid kunne vite at dei vaksne er der for dei, både gjennom dei gode og dei vanskelege følelsane.

På privaten er Anette travel med hesten sin, Aron, som ho elsker å ta vare på. I tillegg til dette, klarer ho støtt og stadig å få bakt både brød, boller og ulike kjekser. Ganske imponerande! Ho er ellers veldig glad i å bruke tid på familien sin og vennene sine. Ho bur på Hommersåk saman med forloveden sin.

Kerstin

Fagarbeider på Maurtua 100%

Eit slikt rivjern av ei dame skal ein leite lenge etter!

Kerstin, saman med mann og søn, flytta til Noreg frå Tyskland i 2009. Kort tid etter, fant ho vegen til oss her i Utsikten. Noko vi er veldig takknemlege for! For dette skulle vise seg å være ei dame med stort pågangsmot.

I botn har Kerstin utdannelsen diplombedriftsøkonom, noko ho jobba med i 20 år i Tyskland, men i 2014 tok ho fagbrev som Barne og Ungdomsarbeidar. Seinare tok ho spesialutdannelesen «barn med særskilte behov». For å toppe det heile, så er ho også Class Observatør. Altså, dette er ei dame som tek kvar ein utfordring på strak arm!

Kerstin har eit hjarte som brenn for leiken, og er aldri redd for å fjolle seg til. Ho er med på alt barna spør om, og gjere det med eit stort smil! Ingen leik er for barnsleg for Kerstin!

Marlen

Fagarbeider på Maurtua 100%

Marlen kom til oss for tre år sidan som Adecco vikar, før ho blei ein fast del av teamet vårt. Marlen er utdanna Barne og Ungdomsarbeidar.

Dette er ei frøken med god kunnskap om alt frå mat til blomster. Ho har fokus på god, næringsrik mat, laga frå bunden av. Å, ikkje minst, så lager ho veldig god mat! Både store og små pleier å væra storfornøgd når Marlen har diska opp noko snadder.

Det er alltid kjekt og spennande å høyre på Marlen, når ho kan fortelje barna kva som voks ute i naturen vår og kva dyr som bur i skogen vår.  Det er alltid noko nytt ho kan læra små (og store 😉 ) om naturen vår. Vi er utruleg heldige som har Marlen sjå oss, og kan nyte godt av kunnskapen ho tilbyr oss.

Kari Anne

Pedagogisk leder på Tusenbein 100%

Vår turglade Kari Anne, som alltid møter oss alle med eit smil og mild latter.
Ho har utdanninga Førskulelærar med vekt på natur og friluftsliv. Dette er noko vi i barnehagen er godt tent med.  Kari Anne er god på å utnytte naturen, og finner alltid på mykje spennande. Ho er ein racer på primus og bål, til barna sin store begeistring. Med nesten 10 års karriere her i barnehagen, er det ikkje tvil om at ho har lært eit knep og to når det kjæm til livet ute og kva naturen har å by på.

Kari Anne er like glad i tur og friluftslivet på privaten, der ho ofte har selskap av den vesle hunden sin Kira. Dei to er eit radepar ilag. Ellers like ho å sy og danse swing. Kari Anne er veldig engasjert i det ho driver med, og for nokre år sidan tok ho videreutdanninga; Fysisk og motorisk utvikling i Barnehagen.  

Martha

Fagarbeider på Tusenbein 90%

Med ein karriere på 30 år i barnehage yrket, er det ikkje rart at Martha verkeleg er ei som kan faget. Ho er også ein av dei som har vært her på bygget sidan dørene opna.

Utdanna barne og ungdomsarbeidar, med videre utdanning om barn med særskilte behov, er dette ei dame som brenn for barna sitt beste, noko som viser godt igjen i samspelet mellom ho og barna her i Utsikten.

Med ein latter så smitter, er ho ein god tryggheit for di små. Ho er ei kreativ sjel, og er ikkje redd for å bryne seg på kjekke prosjekter. Martha kan det å by på seg sjølv, til glede for oss alle her i Utsikten. Ho er også veldig glad i å være ute og gå tur, både på privaten og her i barnehagen. Heime, er det helst hunden Mira ho går tur med.

Fredrik

Fagarbeider på Tusenbein 100%

Fredrik er utdanna barne og ungdomsarbeidar, og har 10 års erfaring i yrket. Han har vært sjå oss i to år nå, noko vi er veldig takknemlege for! Han er ein fryd å ha her i barnehagen, og bidrar med mengder av latter og glede blandt både små og store her i Utsikten.

Han er typen som tenkar løysingar der andre gjerne kan sjå problem. Ikkje bare kan han sjå dei, men han får gjerne også barna til å være med å klekke ut desse løysningane.

Å væra nevenyttig og kreativ, er aldri feil i ein barnehage. Og det er jammen han! Fredrik følgjer barna sine impulsar; om det er å dansa til svetten renn, eller bygge eit giga tårn, så er han med!

Randi

Pedagogisk leder på Småkrypå 100%

Randi er i utgangspunktet utdanna Barne og Ungdomsarbeidar, men heiv seg på Førskulelærar utdanninga kort tid etter at fagbrevet blei tatt. Det har ho aldri angra på.
I januar som var, bikka Randi heile 10 år her i barnehagen vår. Etter mange år på stor avdeling, er ho no på liten avdeling. Det synes Randi er heilt toppers!

Det er alltid morosamt rundt Randi, for der ho beveger seg, er det jammen meg liv. Ho elskar å tulle og tøyse. Latter klinger godt mellom veggene, både frå store og små, når ho finn på noko sprell.
Ho er ein engasjert vaksen som er utruleg god på å inspirera til god rolleleik. Ho er ikkje redd for å by på seg sjølv, og barn, både nåverande og gamle barn, har nok fleire gode minner av Randi i rosa parykk.

Irmelin

Barnehagelærer på Småkrypå 100%

Irmelin byrja i Utsikten i hausten 2017. Ho er utdanna Barnehagelærer og har fordypning i Estetiske Fag, noko som visar igjen på det ho finner på saman med barna. Irmelin liker godt når ho kan dikte opp historier og forteljingar saman med barna.
I tillegg likar ho godt lengre prosjekter der ein gjerne blir kjent med ulike figurer, og at barna får både brev og oppdrag frå desse figurane. Alt frå den Store Stygge Ulven til Krokodille. Ho er også veldig glad i musikk, og byr ofte på musikk litt «utanom» det vanlege.

Ho har jobba hovudsakleg på stor avdeling, men har nå i år, flytta ned til liten. Det er spennande og kjekt, og ho trivs veldig godt med det.
Irmelin bur i Frafjord, saman med sambuaren og deira son. Til tross for lang køyretur til og frå jobb, stortrivst ho her og ville ikkje bytta ut jobben.

Ingrid

Fagarbeider på Småkrypå 100%

Ingrid har alltid eit godt fang for dei som treng det, og gir til barna av heile sitt hjarte. Med god tolmodigheit, gir ho barna den tida dei treng i ein ellers så travel kvardag.

I tillegg liker ho seg godt ute, og er ein kløppar i å setje i gang god leik både ute i barnehagen og på tur. Ho har fokus på uteleiken og er veldig god på å få dei minste barna våre i barnehagen til å bli trygge og kjente med uteområdet vårt.

Barnehagen vår har vært så heldig å hatt Ingrid her sjå oss i heile 11 år, og håpar sjølvsagt på minst 11 år til. Ingrid er utdanna Barne og Ungdomsarbeidar. Ho er også heilt rå på Yoba, noko som vi har begynt med nå etter sommaren. Alle har lyst til å væra med når ho drar fram yoga mattene.

Rita

Pedagogisk medarbeider på Småkrypå 80%

Gode Rita, ein skikkeleg god og trygg vaksen, med eit fang for alle. Ho klarer alltid å skape ein slik fin ro når ho er i rommet, noko både små og store set pris på. Med andre ord, ho står støtt i stormen. Ho er på liten avdeling, noko som passer ho utmerka.

Ho er ein kløppar med formings aktivitetar, og tar gladeleg fram både maling og glitter. Ho lar barna utforske materialane, og gir rom for gode refleksjonar rundt dette. For Rita så er det ikkje resultatet som gjeld, men at barna har fått erfaring med materialet, og at dei har hatt ein positiv opplevelse med formings aktiviteten.

Ho er også blant di som har vært på bygget nesten sidan start. Ho byrja som vikar her i Utsikten, men blei etter kvart fast ansatt, til glede for alle som jobbar her.

Irene

Pedagogisk leder på marihøna 80%

Irene er også ein av veteranane våre. Ho har nemleg vært her i barnehagen i 14 år, altså ikkje langt frå starten. Ho er utdanna barnehagelærar med fordypning i Småbarnspedagogikk. Irene har hovudsakleg jobba på liten avdeling, noko ho trivs veldig godt med. Ho er glad i den gode leken, og jobbar alltid med å fremme god lek på avdelinga. Ho synes det er kjekt med samling, og då spesielt eventyrsamlingar.

Irene har også sertifisering innen CLASS og TIK, noko ho synes er utroleg spennande. Gjennom dette, får ho anledning til å være med å observere i andre barnehagar, noko Irene synes er ein god moglegheit til å få god inspirasjon til korleis vi kan forbetre oss her i vår barnehage. Ho får også mykje god kunnskap gjennom å arbeide med CLASS og TIK.

Gudrun

Pedagogisk leder på Marihøna 100%

Det er noko spesielt med Gudrun sin varme, gode inntoning til barna, då særs dei minste. Ho kan skape magi rundt den minste ting. Plutseleg sit ein haug med barn saman med ho, og ser på ein stein, eit blad, kva som helst. Ho er utroleg kreativ, og elskar å lage rekvisittar og material til både samling og leik. Det er ingen tvil om at barnehagen er heldige som har Gudrun og kreativiteten hennar.

Gudrun er pedagogisk leder på Marihøna. Ho tok barnehagelærer utdannelsen heime i Tyskland i 1985 og jobba der fram til ho flytta til Noreg i 2008. Ho flytta her saman med mannen sin, og deira 3 barn.

Gudrun er ei dame som likar seg godt ute, og tar gjerne ein tur på fjellet eller dykke i sjøen. I tillegg kan ho til å med finne på å ta seg ein sykkeltur heilt heim til Tyskland. Så vil påstå å sei at ho er rimeleg sporty!

Anne Kristine

Fagarbeider på Marihøna 80%

Anne Kristin er ei sprek og fjåg dame med skikkeleg futt, som elskar å være ute i all slags vær.

Ho har ein heilt eigen evne til å smitte turgleda over på barna.

Ho er ei rask og effektiv dame, som får ting gjort. Ho har alltid eit smil på lur og er god til å oppmuntre alle her på bygget.

Anne Kristine er utdanna Barne og Ungdomsarbeidar, og er faktisk ein av veteranane våre, som har vært her sidan dørene opna.

Ho er busett her på fjellet, med både mann og barn. Heime, som på jobb, er ho ei aktiv dame som alltid har noko på gang! Ting blir aldri kjedeleg med Anne Kristine rundt seg! Det kan både store og små skrive under på.

Heidi

Pedagogisk medarbeider på Marihøna 100%

Dette er ei dame der latteren sit laust, og songen enda meir!

Heidi er busett på Ålgård, saman med jenta si. Dei har også ein liten hund, som heiter Harry. Heidi har vært ein del av teamet vår her i Utsikten i 11 år. Heidi er ei dame med godt humør, som alltid har eit godt svar. Det er alltid mykje lått og løye når ho er til stede!

Det som er kult med Heidi, er at ho ikkje er redd for å by på seg sjølv og at ho blant anna tilbyr barna eit brett musikk repertoar. Alt frå Baby Shark, til Beethoven, til KISS er å høyre når ho Heidi styrer musikken. Når musikken er på, er det liv og leven med gjengen.

Pernilla

Pedagogisk medarbeider på huset 100%

Ho er ei som hjelper rundt på huset når det trengs. Alle skulle hatt ei som ho! Pernilla er ei kreativ dame som ikkje er redd for å setje i gang eit male prosjekt, eller lage noko kult og spennande med barna.

Ho er frå Sverige, men flytta til Noreg for over eit år sidan, for å kunne tilbringe meir tid med tantebarna sine som også bur her i Noreg. Heldig dei, for Pernilla er ikkje vanskeleg å be med på ting, om det er «kino kveld» eller Pokemon Go som er på menyen!

Gjennom heila arbeidslivet har Pernilla hatt ein fot i service bransjen, noko som ho trivest veldig godt med. Heldigvis for oss, så ville ho også gjerna teste ut barnehage yrket når ho kom til Noreg. Det gjorde ho jammen smart i, fordi det er verkeleg noko ho har hjarte for!